søndag 8. mars 2009

Ingen kan hjelpe alle, alle kan hjelpe nokon

Ein dag banka det på porten. Eg kikka ut. Ei ung dame med afro og fillete klede står utanfor. I armane held ho ei stor eske med litt mjølk og brød. Eg tar med meg nyklane og går ned for å åpne. Ho ser litt sjenert ned i bakken før ho møtar blikket mitt. Ho er på matinnsamling, og fortel at ho ikkje har mat å gi til borna sine. Me har akkurat returnert frå ferien, og har berre ein boks med tomatpuré og litt suppe i huset. Er det ikkje litt flaut å berre gi det då? Eg og Anne Malene spekulerer. Jaja, me kan i det minste spør om ho vil ha det. Afro-dama blir kjempe glad og takkar opp til fleire gonger. Før ho forsvinn nedover gata, snur ho seg og seier ”Gud velsigne dykk”. Sååå lite skulle til. For oss var det jo ingenting, men ho hadde mat til ungane sine.

Ilha Grande, paradis på jord?

Ingen bilar. Ingen minibank. Eit lite sentrum. Stor regnskog. Turkis sjø. Kvite strender. Det er Ilha grande det. Ei øy i staten Rio de Janeiro. Turen gjekk hit etter å ha fått med oss siste rest av karneval i Rio by. (Etter å ha nådd måla for bokrapportar og diverse skulearbeid returnerte me til Rio for å få med oss eit lite stykke sprøtt karneval) Etter karneval freista Anne Malene sine venner, Kristoffer og Fredrik, oss med å bli med til Ilha Grande. Eit tilbod me ikkje kunne motstå, me var klar for max avslapping.
Etter tre fem timar på buss og båt, ankom me den berykta øya i skumringens time. Til tross for ein del folk, var eg overraska over stillheten. Den store forskjellen frå karneval til hit var vel kanskje årsaken til akkurat det. Ein hyggelig ung mann førte oss til det som skulle vere øyas billigaste innendørs overnatting. Me heiv i frå oss tinga, og tilbragte resten av kvelden på ein koslig pizzarestaurant ved stranda. To gonger i løpet av kvelden gjekk straumen. Stearinlysa kom fort opp på borda, såg ut som dei var vane til dette.
Dagen etter var me ute av døra i 10tida og rakk kaia akkurat for seint til første båt til Lopes Mendes, øyas finaste strand. Det blei frukost på ”bystranda”, og ikkje lenge etter var me på veg til stranda som skulle vise seg å ha den kvitaste sanden eg nokon gong har sett. Lopes mendes skuffa ikkje. Tilbake til øyas sentrum nøyt me nok ein herleg middag, og avslutta kvelden liggande på stranda for å sjå på stjernene og prate.
Dette var det eg fekk oppleve av Ilha Grande. Dagen etterpå måtte me nemlig tilbake til Londrina. Får eg kjangsen, drar eg gjerne dit ein gong til, men no skulle det bli godt å komme tilbake og byrje med alt arbeidet for fullt att.