tirsdag 25. november 2008

Hillsong=)

Onsdag 12 nov, reise eg og Anne Malene til Camboriu for å oppleve Hillsong United sin første gratis konsert, på ei av dei finaste strendene i Sør Brasil. Me hadde ein plan om å reise, den 10 timars lange bussturen til Camboriu, natt til 13, ligge på stranda heile dagen, gå på konsert på kvelden, å reise heim natt til 14. Men heldige som me var blei me tilbydt overnatting hos den hærlege bestemora til Tiago i Camboriu.
Etter å ha pakka bagen med bikini og shorts, fekk me oss ein liten skuffelse når vèrmeldinga sa at strandbyen ikkje skulle få anna enn øs pøs heilt fram til søndag. Då fekk det bli "singing in the rain", men me kunne fortsatt håpe og be om sol.
Camboriu møtte oss med eksakt beskriving av vèrmeldinga, og den snille surfe-pastor-onkelen til Tiago. Han kjørte oss til bestemors hus. Etter eit par timar søvn, ein god middag, og litt meir bøn om bra vèr, var det framleis høljeregn, og me drog for å kjøpa regn-ponchoar til konserten. Sånn ca 10 min etter regnponchoen er kjøpt, får surfepastoren ein telefon. Etterpå fortel han oss ivrig at byens pastorar hadde møtts på stranda for å be om bra vèr til konserten. Himmelen hadde bokstaveleg talt opna seg over håvene deira. Her satt me, med regnponchoen i handa. Jaja, om du har tru som eit sennepsfrø……
Konserten var heilt fantastisk. 50 000 fekk høyra evangeliet gjennom sang og tale.
Dagen etterpå blei me velsigna med super bra vèr. Sola skinte for alle penga, og me fekk oppleva camboriu på sitt beste med yrande strand liv, surfing, tubekjøring, og solsleiking. Ein ekte sommardag midt i november.

mandag 17. november 2008

Sterkt.

Det er søndag. Det er pissregn. Me har ein date med ei av jentene på barneheimen Nuselon. Ho er 15 år, og har budd på Nuselon i 8 månadar. På Nuselon har ho alt ho treng, men lite utenom. Det blir lite spenning i kvardagen. Derfor drog me denne sundagen på kino (rektig nok mitt mareritt: high school musical 2, dubba t portugisisk..), men verdt det sidan "Stine" digga den. Me fekk og sneke i oss den hærlige brasilianske brigadeiraen, som består av jordbær med varm sjokolade, før me drog i kyrkja. I denne kyrkja går heile barneheimen på gudsteneste. Kvar sundag. Denne sundagen var det barnevelsignelse i kyrkja. Mange ektepar kjem opp på scenen med borna dei vil velsigne. Eg legg merke til ei ung jente som ser ut til å komme opp med bestefaren. Jerusa snur seg til meg. Ho fortel at denne jenta budde på Nuselon for berre eit år sidan. Og at Mannen som står ved hennar side, mannen eg trudde var bestefaren, er ektemannen hennar. What?? Eg er forvirra. Eg må forsikre meg om at eg høyrde rett -Ektemannen? Jerusa prøver å forklare at denne jenta har ei svært innvikla fortid, men at ho har det bra no. Den gamle mannen tar seg av ho, og ho får oppleve at nokon verkeleg er glad i ho. Det er vanleg her, Kamilla.... Det eineste Jerusa ser ut til å setje spørsmålteikn ved er ein liten detalj om at gamlemannen har hatt eit langt forhold til mora av denne jenta. Om eg var forvirra tidlegare, blei eg ikkje mindre forvirra no. Korleis kan ein ha det BRA av å vere 18 år, mor, og gift med ein 60-70 år gammal mann, som appåtil har vert saman med mor di. Sinne blussar i meg, røynda kjem litt for tett innpå.. Jerusa prøver om og om igjen å fortelle meg at jenta har det bra, det var eit val ho tok sjølv. Puslebetane fell ikkje på plass for min del. Tårene pressar på. Eg vil ikkje at denne jenta skal vere det ungane på Nuselon har å sjå fram til. Når dei er 18 år, og åleine i verda.

tirsdag 4. november 2008

Eit lite glimt av Brasil...så langt.

Utsikt fra min lille balkong. Londrina city.Kvardagskost i nabogata.

Knoll og Tott på Calçadão


ABU i capela

Relaxing hos Rebeca.


Regndans:) Vèret her e crazy, PLUTTSELI (midt i ein solfyllt dag) begynne da å tordna, lyna og høljeregna.

Vår gode venn Lucas samle på ispinnar. Kvar gong me e ferdi å eta is, spør han fint om han kan få øveta ispinnen. På ein kosmetikkbutikk fant me ein pakke med 100stk. Den perfekte gave t Lucas:)

Igapo lake. Den største innskjøen i Londrina. Fake, vel å merka. Langs denna e da super populært å ta seg ein joggetur. Me fåretrakk å spasera.
Ein torsdagskveld på besøk hos Lorena med spaghetti og bra sosialt samvær. Detta e gjengen fra den prespeterianske kjørkjo.
Helga 19-21 okt blei me med på årsmøtet til sørregionen av ABU, som blei holdt i Blumenau. Ein tysk by i Brasil. Tilfeldigvis va da oktoberfest her denna veko. Ein liten bonus:)
Lørdagskvelden tok me oss ein tur ned i byen for å sjekka livet. Da tok aaaav! Viss du kledde deg ut som ein tyskar kom du gratis inn på uteplassane. Detta hadde mangen benytta seg av.

Dei søte søte venninnene våre Rebeca og Camila.

4 av dei 14 gutane frå huset vårt. Ein tirsdagkveld, når alle hadde fri dagen ettepå, tok me oss ein kafètur.

Og her e ei av venninnene våre fra huset:)

Ein kveld satt me t sånn i 5 tio om natto på balkongen min å prata å klimpra på gitaren. Fin gjeng:)



Nåken av dei skjønne ungana på Cepas (dagheimen me jobbe på). Så på de då, kor hærlige de e:D