torsdag 23. oktober 2008

Bugs

Omg, Anne look at that bug! It is so big…. I don’t like big bugs and I can not lie, you other brothers can’t denye… Oh yeah, i Brasil er det mange Bugs. Bugs som ikkje finst i Noreg. Bugs som er store. Bugs som er små. Bugs som berre er super ekkle. Bugs som bit, og gir deg så store og klumpete byllar at dei gnissar i kleda. Og bugs som stikk så du vaknar av å skam-klø deg i søvne. Her om dagen, eller rettare sagt klokka 2 om natta, kom me heim etter ein hyggleg kveld ute. Me går opp til romma våre medan me snakkar og ler av kveldens morsomheitar. Brott kjem det eit hyl frå Anne Malene. Ein gedigen edderkopp driv å klatrar vilt rundt på døra mi. Okei, eg er forsovidt ikkje redd for edderkoppar, men denne var i det største laget. Eg må manne meg opp for å fjerne dette ekle krypet. Denne edderkoppen er jo heilt vill i buksene. Eg prøvar ei stund å fakke den mens den spring villmann rundt på døra, før den kryp inn under dørkarmen. Jakta fortsett inne på rommet mitt. Dette blir reine trimmen. Så skjer det, når eg endeleg har fakka edderkoppen av eit beist, og grønt gugg har spruta utover foten og golvet mitt, ser eg rett inn i augene på ei gul, nesten gjennomsiktig firfirsle. Eg blir overraska over mitt eige hyl. Anne malene kjem springande inn, og lurar på om eg har øydelagt det ”ikkje-redd-for-edderkoppar-imaget-mitt”. ”Den der tar eg ikkje i”, fnysar eg. Forståeleg nok var ikkje Anne Malene heller særleg gira på det. Heldigvis sit også i natt, som alle andre netter, nokre av husets gutar på datarommet. Noko me utnyttar. Dei var ikkje vanskelege å be, og opp kjem dei med ei smart løysing av eit koste skaft. Dei kostar det gule krypet ut av rommet og vekk fra senga mi. Muito obrigada! Me takkar dei av heile våre hjarter. Når alt er over, og me skal til å leggje oss, kjem huseigaren styrtande opp. Han ser skikkelig oppskaka ut, og me prøver med tegnspråk å forklare at det berre var ein edderkopp og ei firfirsle som utløyste dei høglytte hyla. Når han endeleg forstår kva me prøvar å seie, brest han ut i latterkrampe. Forståelig nok.. Snill som han er, får me beskjed om at neste gang er det berre til å gi beskjed, så skal han fjerne dei forferdeleg farlege krypa. Han ler litt til, og tuslar ned att.

onsdag 15. oktober 2008

One time at a camp..

Helga 10-12 Okt blei me bedne med som leiarar på ein tenåringsleir, langt ute på landet, i regi av den prospeterianske kyrkja. Ein nydeleg idyllisk stad. Her skulle ein bunch med tenåringar frå kyrkja, samt nokre tenåringar frå slummen, som kyrkja gratis hadde bede med, tilbringe ei helg saman. Til saman 120 forskjellige tenåringar. Forskjellige, men saman for Jesus, akkurat like. Så utruleg fint å tenkje på at for Gud har det ingenting å seie om ein er fattig eller rik. Han har skapa kvar og ein akkurat slik han vil ha dei, og han har ein stor plan for den enkelte sitt liv.
Heile campen var ein slags militær leir der deltakarane var soldatar for Jesus. Temaet var nemleg krig mot Satan. Leiren var proppfull av militær effektar som skulle vere med å oppnå kjensla om å vere i kamp mot Djevelen. Om morgonen blei me vekka av lydeffektane av bomber og granater. Ein brå start på morgonen som vekka oss kanskje litt kjappare og litt meir effektivt enn nødvendig:P Etter frokost var det møter og teambuilding. Teambuildinga gjekk ut på å komme seg gjennom ei hindeløype med militære øvingar ”pakka inn” i myyykje gjørme. Hærli hærli. Me rullla oss ned ein gjørmebakke, krøyp i gjørmetunell, gjekk på line, og klatra i bilhjul. Det heile avslutta med ein heftig gjørmekrig=)
Lørdagskvelden skulle alle kle seg ut som born, både deltakarar og leiarar, og me skulle ha barneselskap. Då me entra matsalen, blei me møtt av det største godteribordet eg nokon gong har sett. Godteri i alle moglege fargar. Dette var godsakene som venta alle borna etter ein fortreffeleg middag. Denne aften kunne me alle karekterisere oss som born.
Møtene på denne leiren var utruleg bra. På det eine møtet gjekk eg fram til forbønn, på portugisisk. Skjøna ingenting, allikevell kjende eg at den heilage ande var der. Så utruleg kult å tenkje på at Gud forstår alle språk. At eg faktisk kunne bli rørt av noko eg eigentleg ikkje skjøna ordet av. Det var ei sterk oppleving, og eg må berre konkludere med at Gud er så uendeleg stor, vis, og vanvittig, at det er 100% verdt å gi han kontrollen.

Bibelstudier og hasj



Torsdagens ABU var nokså spennande og spesiell. På torsdagar samlast me nemleg i matpausen (frå kl 12-14) på ein stor plen utanfor kantina. Her samlast studentar og gjengar av ymse slag, og mange av dei synest at matpausen er den ultimate tida for å ta seg ein joint. Så her satt me, studerte bibelen og lukta på ei intens hasjlukt som stadig kom sivande inn i nasebora våre.
Utenom torsdagen samlast dei som vil ha litt Jesus-talk i kvardagen i ei lita tre-kyrkje på campus. ABU gruppa er open for alle, og etter å ha lest dagens bibeltekst er det ope for å dele forskjellige meiningar og tankar om emnet. Det er hærlig å kunne samlast nokre minutt, i ein ellers hektisk kvardag, om Guds ord.
Etter ABU møtet denne torsdagen, blei me med Daniel og nokre andre ungdommar frå kyrkja hans, til ein barnehage litt utanfor byen. I denne barnehagen går 100 born frå svært fattige familiar. Her opptredde ungdommane frå kyrkja med drama frå bibelen, og etterpå leika me med dei hærlege ungane. Som ein bonus hadde kyrkja samla saman 100 leiker som dei gav til borna. Det var heilt fantastisk å sjå dei glade ansikta. Eg blei heilt rørt.

lørdag 4. oktober 2008

Brott Brasil..

Brott var me her, noko som kjennes ganske uverkeleg. At me faktisk skal bu her i eit halvt år byrja vel å gå opp for meg i det flyet landa.
Me har berre vore her i tre dagar, men det kjennes meir ut som tre veker.
Etter ein 12timars flytur ankom me São Paulo kl 5 brasiliansk tid, som vil sei 10 om kvelden norsk tid. Altså 5 timar forskjell. Me fekk ikkje akkurat sova på flyet, så me var sånn passe utslitte. São Paulo møtte oss med høljeregn og torden, og me såg ikkje viare fram t å sitta 6 nye timar på buss. Men det var ein opptur å bli møtt av to super søte jenter som fulgte oss heilt t bussen som skulle ta oss til Londrina. Og eg kan skrive under på at brasilianske bussar er av ein heilt anna sort enn type flyseter og norske bussar, her snakkar me bigsize seats, som ein kan leggje nesten heilt ned, og appåtil har ein legg-støtte. NICE! Me sovna ca med ein gong.

Me seig inn på busstasjonen i Londrina i 4tida brasiliansk tid. Det var faktisk ein nedtur å reise seg frå dei gode setene. Avtalen var at me skulle bli møtt her når me kom, men her var ingen ”imøtekommande”. Ein bunch av buss og taxi sjåførar, til og med politiet, flokka seg rundt dei to blonde jentene som truleg såg ut som to bortkomne sauer. Dei prøvde alt dei kunne å hjelpe, men med kommunikasjon mellom to partar som ikkje kan den andres språk, er det ikkje alltid like lett. Rundt kl 5 kom Raquel og Louis. Dei hadde misforstått tidspunktet dei skulle møte oss på, og trudde dei hadde god tid. Me fekk husly i Raquel sin leilighet, der me sovna som to steinar. Her fekk me sove søtt til Raquel kom i 11tida for å dra oss med til det gedigne campus for å møte resten av ABU crew.
På UEL (Universitaria Estados de Londrina) går det ca 20 000 studentar, og dei fleste av dei bur i leilighetkompleks rundt universitetet/på campus. På ettermiddagen blei me køyrde til huset me skulle bu i. Huset litt litt nedanfor campus, og her bur me saman med 16 andre studentar.
Om kvelden arrangerte ABU folka ekte brasiliansk barbequeparty for oss, og for dei som kanskje har tenkt at brasiliansk barbeque er oppskrytt, kan eg med ein gong klarere at denne grillmaten kan stille i ein klasse for seg sjølv! Me like. Partyet blei halde hos ein av ABU sine medlem, Daniel, i ei blokk midt i sentrum av Londrina. I toppetasjen her grilla me, dansa, hadde sosialt samvær og nøyt utsikten over byen i nokre timar før me vart daudtrøytte og dro tilbake for å få ei god natt søvn. Tidsforskjellen påverka oss fortsatt.