søndag 15. februar 2009

Takk til hjelpsomme brasilianarar

Så var me klare for å forlate Salvador til fordel for Rio de Janeiro. Anne Malene og meg med kvar vår store koffert. Alltid klar for nye eventyr. På flyplassen spasserer me fint bort til check-in og legg passet på skranken. "ja men de skal jo ikkje fly før i morgon", lyd mannestemma bak disken. To lettare forvirra blondiner står tilbake og er ikkje heilt sikre på kvar dei skal ta vegen. Det er då hjelpsame brasilianarar kjem til nytte. Vår gode venn Mateus, frå ABU, tar ein kjapp telefon, og rundt neste sving blir me henta av ein anna, ukjent, ABU-ensar, som fylgjer oss heilt til herberget der ein del andre frå IPL skal tilbringe natta. Dagen etter blir me henta på herberget, og fylgt heilt tilbake til flyplassen. Den brasilianske kulturen for å hjelpe er fantastisk. Ein kan stå å sjå lost ut i 2,5 sek, og det vil garantert komme ein eller anna bort å spørre om du treng hjelp. Eg var td. på supermarkedet her ein dag, og hadde ikkje stått lenge å vurdert kva for brød eg skulle kjøpe før det kom ein brasilianar bort å spørte om det var noko eg trong hjelp med (ikkje ein butikk-ansatt altså). Eit anna døme er dagen me ankom brasil. Me hadde sotte på fly og buss i til saman eit døger, og var rimelig klar for ei seng. Men då me ankom buss stasjonen i Londrina, klokka 4 om morgonen, var det ingen som var der for å hente oss. Me spurte ingen om hjelp, men det at me såg rimelig forvirra ut var nok til å få både taxi og buss sjåførar, politi og random people til å flokka seg rundt oss og desperat prøve å hjelpe.

Eg kan ikkje hugse ein situasjon der eg ikkje har fått hjelp. Nokre gonger kan det kanskje bli for mykje av det gode, når dei td. insisterer på å fylgje oss heim frå kyrkja, for så å ta bussen tilbake til terminalen og komme seg derfra til sin eigen heim. Poenget mitt er at brasilianarar generellt er hjelpsame. Å komme til eit land der alt er ukjent, er vanskeleg i seg sjølv. Verdien av å få hjelp, blir derfor stor. Så her kjem ei oppfordring til alle de heime: hjelp innflyttarane me har i vårt land:) det er vanskeleg å vete korleis ein kultur fungerer, om ingen fortel deg det.

3.mos. 19, 34 Dere skal behandle ham som en landsmann. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud.

Infield i Rio

Tid for norsk, tid for refleksjon, tid for Infield. Ei veke eg lenge hadde sett fram til. Gjennmøte med dei andre norske studentane i Brasil, og lerar Siri frå Noreg. Ei veke der me skulle få dele erfaringar, opplevingar, inntrykk, få slappe skikkelig av i Rio, og oppleve endå meir saman.

Mr Jesus


Da blåste på Jesus i dag

Hangliding øve Rio:D





Copacabana



På øving t karnevalsparaden.



Sukkertoppen og sukkerklumpane<3



På sukkertoppen med utsikt ned til Ipanema



Heile gjengen:)


Her kan du lesa meir om vårt infieldopphold i Rio de Janeir. : http://www.hald.etp.no/sider/tekst.asp?side=149

lørdag 14. februar 2009

Utflukt til Salvador, Bahia

Søndag 18 Jan, skulle eg få mitt første møte med Salvador by. Leiren hadde leigd ein buss til kl 10, men tre timar etter, kom endeleg transporten som var forsinka grunna nokre brasilianarar hadde laga fest midt i vegen.

I Salvador besøkte me byens første fort. (Salvador var den første byen portugisarane gjorde til hovudstad i Brasil). Deretter drog me opp til det historiske sentrum for å sjå på eldgamle, flotte bygningar. Me besøkte ei kyrkje der ein kunne betale den nette sum av 450 000 nok for inngå giftemål. På kvelden var det duka for utandørs "spetaculo" i det historiske sentrum. Dette var eit slags teater i form av bilete og lyd. Poenget i stykket var å opphøge dei svarte sin posisjon i dagens samfunn, med å fortelje at det var dei som faktisk forma byen Salvador, og gi dei heder for det. Det var ei glede å sjå stoltheten i auga på mange av dei svarte som hadde møtt opp denne kvelden.

På bussen til Salvador


På toppen av det første fortet i Salvador


Fortet var no blitt eit museum, dette var ein av dingsane som stod til utstilling.


1 stk. overfylt strand i Salvador.


Utsikt fra historisk sentrum. Inni søyla til venstre i biletet gjekk det heis opp og ned.


Inni heisen i søyla på bilete ovanfor.


Verdas dyraste kyrkje å gifte seg i?


Bahiansk bekledning


"O spetaculo" i historisk sentrum av Salvador.

torsdag 12. februar 2009

IPL

Isolert frå samfunnet hadde brasilianske studentar frå heile landet, pluss eit par gringos, valt å bruke tre veker av sommarferien sin på ABU-leir. Her skulle dei få bli betre kjent med Gud, samt bli utrusta som leiarar. Leiren fant stad utanfor Salvador, og heitte IPL (institusjon for leiartrening). Temaet var "Jesus, vegen til fridom". Dette skulle bli tre veker med gode samtalar, nye vennskap, deling av kultur, kles-skrubbing for hand, og mykje meir.
* Gringos - kvitingar

Svetteperlene pipla fram på panna i det eg gjekk ut av døra kl 7 kvar morgon, for å ete frukost. Ekte brasiliansk frukost med franskbrød, smør og super-sukra kaffi. Etterpå var det bøn, lovsang, bibelstudier og bibeltime. Lunch. Meir bibelstudier, gruppearbeid, bibeltimar og lovsang. Elles blei det mykje dans. Samba, forrò, caporeira, osv, er nemleg eit must på ABU leir. Her dansar alle. Om ein kan eller ei.

På kulturell aften kunne alle dela spesielle ting frå sin stat, eller sitt land. Me laga bla ein sketch om Noreg og nordmenn, og sang nasjonalsangen. Andre delte typiske dansar, smaksprøvar på mat, sangar, kort-filmar, osv. Ein stat i nord hadde faktisk ein egen Guarana brus, nemleg brusen Jesus.

Midt i IPL blei me delt inn i team som skulle bli sendt ut til ulike praksis stader. Me var gruppe to, og oppgåva vår var å ha eit 5 dagars program i ei kyrkje i ein av mange slummar i Salvador. I tilleg skulle me besøke ein del familiar som budde der. Me forbredte opplegget vårt med ulike seminar, eit om helse og eit anna om "korleis lage og leie bibelstudier". Me forbredte og søndagsskule, gudsteneste og ungdomskveld. Så drog me. Dette var mitt første møte med slum i Brasil. Husa var bygde oppover ein skråning, og blei mindre med dårligare standar til lengre opp ein kom. Nokre hadde hatt råd til å male ein vegg. Resten var av murstein eller betong. Gatene var smale og skitne. Hundebæsj over alt. Små, brune barn, sprang rund om kring og spelte gjerne fotball med ein mango. Dunkande funkis musikk dura i øyra, lettkledde jenter dansa, og svette menn sat med ei øl på kvar ein bar.
Mange hadde små salgs-skilt utanfor husa sine. Der selde dei til dømes småkaker, hårstrikk eller falske negler. Mange av familiane me besøkte fortalde sterke historiar om narkodealing og kriminalitet relatert til familie eller venner, dei ville gjerne ha forbøn. På toppen besøkte me ei mor med fem born. Dei budde i eit hus på omlag 15kvadrat meter. Mor og fire born delte ei seng. Far hadde stukke av med eldstedatter. Dei viste stolt fram huset sitt, som bestod av eit soverom, eit lite bad uten dør, og resten var kjøkkenkrok og entrè.

Programmet vårt for desse dagane gjekk veldig bra, og på avskjedsdagen var det spesiellt hardt å seie hadet til alle dei fantastiske ungane eg hadde blitt kjent med. Borna i slummen har noko spesiellt over seg. Ein utrulig sjarm, som iallfall sjarmerer meg i senk.



Etter å ha MÅTTA snakka portugisisk i fem dagar i strekk, var språket lettare når eg kom tilbake til IPL. Og trangen for "bare-snakke-norsk-kveldar" blei mindre. Tre veker med leiartrening var snart over. Og til tross for språkvanskar lærte eg mykje, som eg vil ta med meg for resten av livet.

Hærlige ABUenses

Sany & Natalie <3>

Dans frå Santa Catarina på kulturell aften.

Nyyydelig sang


Capoeira

Dramatisering av "Den barmhjertige samaritan" i kyrkja på praksis staden.


Gruppe 2 på besøk i Slummen

Ein sprudlande flokk:D


Midt i leiren var alle klar for nokre timar på stranda.
Gutta i naborommet kjørte gjerne intimkonsert


ABU, region sør


Guerreiro.... haha.. For ein mann.

tirsdag 3. februar 2009

Taiba

Veka etter Cumbuco satte Anne Malene seg på flyet til Fortaleza, og me dro til mi kjære Anna i Taiba, ca 40 min utanfor Cumbuco. Nok ein fiskarlandsby, endå mindre, med fleire fiskarar. Me blei kjent med ein del innfødte, og fekk saman med dei oppleva Taiba på sitt beste med:

- landsbygdsidyll

- Churrasco party

- Kite surf
(.... Kremt, kitesurfing utan board, og utan bilete... Det va ein gratis time av vår kjære venn Roberto, der me lerte korleis å bruka draken. Den dagen me skulle ut på sjøen, var det ikkje vind:( ...)
- Nydelige strender

- Forró dans

- Stjerneklar natt på stranda runt kokosnøtt-bål med fersk grilla fisk.


For å oppsummera ferien var det: "solnedgang, det var latter, det var sang, det var sommerfri, det var sjø og magi... " - Postgirobygget.