søndag 8. mars 2009

Ingen kan hjelpe alle, alle kan hjelpe nokon

Ein dag banka det på porten. Eg kikka ut. Ei ung dame med afro og fillete klede står utanfor. I armane held ho ei stor eske med litt mjølk og brød. Eg tar med meg nyklane og går ned for å åpne. Ho ser litt sjenert ned i bakken før ho møtar blikket mitt. Ho er på matinnsamling, og fortel at ho ikkje har mat å gi til borna sine. Me har akkurat returnert frå ferien, og har berre ein boks med tomatpuré og litt suppe i huset. Er det ikkje litt flaut å berre gi det då? Eg og Anne Malene spekulerer. Jaja, me kan i det minste spør om ho vil ha det. Afro-dama blir kjempe glad og takkar opp til fleire gonger. Før ho forsvinn nedover gata, snur ho seg og seier ”Gud velsigne dykk”. Sååå lite skulle til. For oss var det jo ingenting, men ho hadde mat til ungane sine.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Rørende historie, kusine..
Hvor lenge er det til du skal hjem igjen?
Nå må du følge med på min blogg også da:)
Blitt like kul som alle andre der ute! hehe.

Anonym sa...

å.. ingridhelenesverden.blogspot.com
hehe..<3

Kamilla sa...

E mangen sterke inntrykk her..
Komme heim på fredag. For å ver heilt ærlig så vil eg ikkje:P
Men men, blir jo kjekt å sjå venner å familie igjen og.
Hehe.. i'll check it out:D
Glad i deg. Glede meg t å sjå deg igjen.