tirsdag 25. november 2008

Hillsong=)

Onsdag 12 nov, reise eg og Anne Malene til Camboriu for å oppleve Hillsong United sin første gratis konsert, på ei av dei finaste strendene i Sør Brasil. Me hadde ein plan om å reise, den 10 timars lange bussturen til Camboriu, natt til 13, ligge på stranda heile dagen, gå på konsert på kvelden, å reise heim natt til 14. Men heldige som me var blei me tilbydt overnatting hos den hærlege bestemora til Tiago i Camboriu.
Etter å ha pakka bagen med bikini og shorts, fekk me oss ein liten skuffelse når vèrmeldinga sa at strandbyen ikkje skulle få anna enn øs pøs heilt fram til søndag. Då fekk det bli "singing in the rain", men me kunne fortsatt håpe og be om sol.
Camboriu møtte oss med eksakt beskriving av vèrmeldinga, og den snille surfe-pastor-onkelen til Tiago. Han kjørte oss til bestemors hus. Etter eit par timar søvn, ein god middag, og litt meir bøn om bra vèr, var det framleis høljeregn, og me drog for å kjøpa regn-ponchoar til konserten. Sånn ca 10 min etter regnponchoen er kjøpt, får surfepastoren ein telefon. Etterpå fortel han oss ivrig at byens pastorar hadde møtts på stranda for å be om bra vèr til konserten. Himmelen hadde bokstaveleg talt opna seg over håvene deira. Her satt me, med regnponchoen i handa. Jaja, om du har tru som eit sennepsfrø……
Konserten var heilt fantastisk. 50 000 fekk høyra evangeliet gjennom sang og tale.
Dagen etterpå blei me velsigna med super bra vèr. Sola skinte for alle penga, og me fekk oppleva camboriu på sitt beste med yrande strand liv, surfing, tubekjøring, og solsleiking. Ein ekte sommardag midt i november.

Ingen kommentarer: