mandag 17. november 2008

Sterkt.

Det er søndag. Det er pissregn. Me har ein date med ei av jentene på barneheimen Nuselon. Ho er 15 år, og har budd på Nuselon i 8 månadar. På Nuselon har ho alt ho treng, men lite utenom. Det blir lite spenning i kvardagen. Derfor drog me denne sundagen på kino (rektig nok mitt mareritt: high school musical 2, dubba t portugisisk..), men verdt det sidan "Stine" digga den. Me fekk og sneke i oss den hærlige brasilianske brigadeiraen, som består av jordbær med varm sjokolade, før me drog i kyrkja. I denne kyrkja går heile barneheimen på gudsteneste. Kvar sundag. Denne sundagen var det barnevelsignelse i kyrkja. Mange ektepar kjem opp på scenen med borna dei vil velsigne. Eg legg merke til ei ung jente som ser ut til å komme opp med bestefaren. Jerusa snur seg til meg. Ho fortel at denne jenta budde på Nuselon for berre eit år sidan. Og at Mannen som står ved hennar side, mannen eg trudde var bestefaren, er ektemannen hennar. What?? Eg er forvirra. Eg må forsikre meg om at eg høyrde rett -Ektemannen? Jerusa prøver å forklare at denne jenta har ei svært innvikla fortid, men at ho har det bra no. Den gamle mannen tar seg av ho, og ho får oppleve at nokon verkeleg er glad i ho. Det er vanleg her, Kamilla.... Det eineste Jerusa ser ut til å setje spørsmålteikn ved er ein liten detalj om at gamlemannen har hatt eit langt forhold til mora av denne jenta. Om eg var forvirra tidlegare, blei eg ikkje mindre forvirra no. Korleis kan ein ha det BRA av å vere 18 år, mor, og gift med ein 60-70 år gammal mann, som appåtil har vert saman med mor di. Sinne blussar i meg, røynda kjem litt for tett innpå.. Jerusa prøver om og om igjen å fortelle meg at jenta har det bra, det var eit val ho tok sjølv. Puslebetane fell ikkje på plass for min del. Tårene pressar på. Eg vil ikkje at denne jenta skal vere det ungane på Nuselon har å sjå fram til. Når dei er 18 år, og åleine i verda.

Ingen kommentarer: