Då julekvelden nerma seg, og eg framleis ikkje hadde eit snev av julestemning, var det siste eg trudde at eg denne jula skulle få kjenne smaken av pinnekjøt. Men det hadde seg nemleg slik, at det ein dag kom 6 barske sjømenn til naboleiligheten. Dei hadde seilt over atlanterhavet og hatt pinnekjøt med på lasset. Dei skulle nemleg ha pinnekjøt til jul. Til tross for to omgangar med mugg, der vasking med eddik gjorde susen, smaka pinnekjøtet utsøkt. Og ikkje nok med det. På litle julafta, fekk dei hogga ned ei palmegrein som blei plassert midt i ståva, med sølvkule pynt og pakkar under. Så blei det julegang rundt juletreet allikevel.
Utsikt fra balkongen
Kite surfing
Beachboogy safari (med Kamilla som sjåfør)
Sandboarding
Pinnekjøtt
Sjømennene rundt juletreet