torsdag 25. desember 2008

Ferie i Cumbuco<3

No har eg reist på ferie med familien til Cumbuco, ein liten roleg fiskarlandsby utanfor Fortaleza. Eit paradis for kaite surfarar. Cumbuco kan by på milevis med lange sandstrender, ferskvannslagunar og ei rekkje koselege restaurantar. Her har eg no nøte livet i ei veke og har b.l.a. hatt ein dag i ørkenen og krust rundt i sanddynene med beach boogy. Turen gjekk til fire forskjellige ferskvannslagunar. Ein av dei var perfekte for kaiting, og låg rett oppanfor stranda, ein annan var reine vannparken med vannscooter, bananbåtar og yrande folkeliv. I dei to siste lagunane var det sand-boarding som var tingen. Dette var båe kult og sært i same stund. Eg befant meg liksom midt i ørkenen med brett, bikini og varmt underlag. Bare nesten som ein dag på hovden.
Då julekvelden nerma seg, og eg framleis ikkje hadde eit snev av julestemning, var det siste eg trudde at eg denne jula skulle få kjenne smaken av pinnekjøt. Men det hadde seg nemleg slik, at det ein dag kom 6 barske sjømenn til naboleiligheten. Dei hadde seilt over atlanterhavet og hatt pinnekjøt med på lasset. Dei skulle nemleg ha pinnekjøt til jul. Til tross for to omgangar med mugg, der vasking med eddik gjorde susen, smaka pinnekjøtet utsøkt. Og ikkje nok med det. På litle julafta, fekk dei hogga ned ei palmegrein som blei plassert midt i ståva, med sølvkule pynt og pakkar under. Så blei det julegang rundt juletreet allikevel.

Utsikt fra balkongen


Kite surfing

Beachboogy safari (med Kamilla som sjåfør)



Sandboarding


Pinnekjøtt



Sjømennene rundt juletreet

2 kommentarer:

sola sa...

hei hei kamilla! tante soda her. kjekt å lesa da du har skreve, ser ut så du leve livet! stå på! ønske deg godt nytt år og gleda oss te å følja meir med :) gla i deg vennen. klem frå alle oss i brakadalen!

Kamilla sa...

Heei=) så bra=) eg prøvde å få tak i mailen dåkas, fordi eg har skreve ein sånn samle-mail t venner og familie. Men viss du vil kan du jo skriva an her, så kan eg senda an t deg=)
eg e veldig glad i dåke og!!
stor, varm klem fra Brasil.