lørdag 6. desember 2008

Cepas

I fattige samfunn i brasil er det slett ikkje vanleg å ha fokus på draumar og utdanning. Dette finst det heldigvis mennesker som er villige til å gjere noko med. Cepas- Centro profissionalizante Àgape Smith, blei stifta august 1990 i den nordre bydel av Londrina, og er eit tilbod for born og ungdom i ein situasjon av risiko og sosial sårbarhet. Senteret er delt inn i to prosjekt. "Sòcio Educativo" (sosial undervisande) for born i alden 6-13 år, og Educação prè-profissionalizante (undervisning for "før-profisjonelle") i alderen 14-17 år. Borna i "Sòcio Educativo" får moglegheit til å utvikle seg i data, håndarbeid, sport, dans, teater, korreografi, spel, leikar og historieforteljing. Aktivitetane for undomane i gruppa "Prè-profissionalizante" er portugisisk, matte, engelsk, underisning i arbeidsliv og sosialliv, data, håndarbeid, sport, dans og teater.
Formålet med Cepas er å gjere barn og unge klar over sin integritet, fysikk, emosjonalitet, kognitivitet og spiritualitet i møte med samfunnet.
Her kjem eit nokre bilete frå arbeidsdagane våre på Cepas:)

4 kommentarer:

Anne Malene sa...

Arrigato xixi coco..!!

Kamilla sa...

Han der asså, ein søting;)

tante Dorrith sa...

Hei Kamilla!

Nå var eg inne på bloggen din for første gong! Dette blir miner for livet! Fantastisk å få med seg ein sånn "reise" i din alder!
Hels så masse til Kjetil, Anlaug, Erling, Anna og Marte også! Dei er vel framme når eg sender denne!

God jul til dokk alle!

Klem frå Dorrith m fl

Kamilla sa...

Heei=)
Så kjekt med kommentar.
Absolutt, oppleve utrulig mykje spennande.
No e me i Cumbuco å stor kose oss. Har vert på beach buggy safari i ørkenen i dag å besøkt fleire hærlige lagunar der bla har sandboarda:) ska helsa masse t bake fra heile gjengen. Og hils masse t dine og!
God jul, og godt nyttår.
Stor, varm klem fra kamilla