søndag 15. februar 2009

Takk til hjelpsomme brasilianarar

Så var me klare for å forlate Salvador til fordel for Rio de Janeiro. Anne Malene og meg med kvar vår store koffert. Alltid klar for nye eventyr. På flyplassen spasserer me fint bort til check-in og legg passet på skranken. "ja men de skal jo ikkje fly før i morgon", lyd mannestemma bak disken. To lettare forvirra blondiner står tilbake og er ikkje heilt sikre på kvar dei skal ta vegen. Det er då hjelpsame brasilianarar kjem til nytte. Vår gode venn Mateus, frå ABU, tar ein kjapp telefon, og rundt neste sving blir me henta av ein anna, ukjent, ABU-ensar, som fylgjer oss heilt til herberget der ein del andre frå IPL skal tilbringe natta. Dagen etter blir me henta på herberget, og fylgt heilt tilbake til flyplassen. Den brasilianske kulturen for å hjelpe er fantastisk. Ein kan stå å sjå lost ut i 2,5 sek, og det vil garantert komme ein eller anna bort å spørre om du treng hjelp. Eg var td. på supermarkedet her ein dag, og hadde ikkje stått lenge å vurdert kva for brød eg skulle kjøpe før det kom ein brasilianar bort å spørte om det var noko eg trong hjelp med (ikkje ein butikk-ansatt altså). Eit anna døme er dagen me ankom brasil. Me hadde sotte på fly og buss i til saman eit døger, og var rimelig klar for ei seng. Men då me ankom buss stasjonen i Londrina, klokka 4 om morgonen, var det ingen som var der for å hente oss. Me spurte ingen om hjelp, men det at me såg rimelig forvirra ut var nok til å få både taxi og buss sjåførar, politi og random people til å flokka seg rundt oss og desperat prøve å hjelpe.

Eg kan ikkje hugse ein situasjon der eg ikkje har fått hjelp. Nokre gonger kan det kanskje bli for mykje av det gode, når dei td. insisterer på å fylgje oss heim frå kyrkja, for så å ta bussen tilbake til terminalen og komme seg derfra til sin eigen heim. Poenget mitt er at brasilianarar generellt er hjelpsame. Å komme til eit land der alt er ukjent, er vanskeleg i seg sjølv. Verdien av å få hjelp, blir derfor stor. Så her kjem ei oppfordring til alle de heime: hjelp innflyttarane me har i vårt land:) det er vanskeleg å vete korleis ein kultur fungerer, om ingen fortel deg det.

3.mos. 19, 34 Dere skal behandle ham som en landsmann. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud.

2 kommentarer:

Torhild:) sa...

Kamilla :) Så kjekt å lesa bloggen din! hørres ut som om du har de bra i Brasil, forsett me de :)
Heldige brasilianerar som får treffa på deg!
God bless!
Klem fra torhild ;)

Kamilla sa...

Så kjekt at du lese bloggen min:D
Du e så hærlig du!!
Eg e no ganske heldig som får treffa brasilianarane og. Tenke på da ofta; fytti så heldig eg e. Kunne kje bytta detta her for nåke:)
Gud velsigne deg og, Torhild.
Klem Kamilla