lørdag 14. februar 2009

Utflukt til Salvador, Bahia

Søndag 18 Jan, skulle eg få mitt første møte med Salvador by. Leiren hadde leigd ein buss til kl 10, men tre timar etter, kom endeleg transporten som var forsinka grunna nokre brasilianarar hadde laga fest midt i vegen.

I Salvador besøkte me byens første fort. (Salvador var den første byen portugisarane gjorde til hovudstad i Brasil). Deretter drog me opp til det historiske sentrum for å sjå på eldgamle, flotte bygningar. Me besøkte ei kyrkje der ein kunne betale den nette sum av 450 000 nok for inngå giftemål. På kvelden var det duka for utandørs "spetaculo" i det historiske sentrum. Dette var eit slags teater i form av bilete og lyd. Poenget i stykket var å opphøge dei svarte sin posisjon i dagens samfunn, med å fortelje at det var dei som faktisk forma byen Salvador, og gi dei heder for det. Det var ei glede å sjå stoltheten i auga på mange av dei svarte som hadde møtt opp denne kvelden.

På bussen til Salvador


På toppen av det første fortet i Salvador


Fortet var no blitt eit museum, dette var ein av dingsane som stod til utstilling.


1 stk. overfylt strand i Salvador.


Utsikt fra historisk sentrum. Inni søyla til venstre i biletet gjekk det heis opp og ned.


Inni heisen i søyla på bilete ovanfor.


Verdas dyraste kyrkje å gifte seg i?


Bahiansk bekledning


"O spetaculo" i historisk sentrum av Salvador.

Ingen kommentarer: