torsdag 23. oktober 2008

Bugs

Omg, Anne look at that bug! It is so big…. I don’t like big bugs and I can not lie, you other brothers can’t denye… Oh yeah, i Brasil er det mange Bugs. Bugs som ikkje finst i Noreg. Bugs som er store. Bugs som er små. Bugs som berre er super ekkle. Bugs som bit, og gir deg så store og klumpete byllar at dei gnissar i kleda. Og bugs som stikk så du vaknar av å skam-klø deg i søvne. Her om dagen, eller rettare sagt klokka 2 om natta, kom me heim etter ein hyggleg kveld ute. Me går opp til romma våre medan me snakkar og ler av kveldens morsomheitar. Brott kjem det eit hyl frå Anne Malene. Ein gedigen edderkopp driv å klatrar vilt rundt på døra mi. Okei, eg er forsovidt ikkje redd for edderkoppar, men denne var i det største laget. Eg må manne meg opp for å fjerne dette ekle krypet. Denne edderkoppen er jo heilt vill i buksene. Eg prøvar ei stund å fakke den mens den spring villmann rundt på døra, før den kryp inn under dørkarmen. Jakta fortsett inne på rommet mitt. Dette blir reine trimmen. Så skjer det, når eg endeleg har fakka edderkoppen av eit beist, og grønt gugg har spruta utover foten og golvet mitt, ser eg rett inn i augene på ei gul, nesten gjennomsiktig firfirsle. Eg blir overraska over mitt eige hyl. Anne malene kjem springande inn, og lurar på om eg har øydelagt det ”ikkje-redd-for-edderkoppar-imaget-mitt”. ”Den der tar eg ikkje i”, fnysar eg. Forståeleg nok var ikkje Anne Malene heller særleg gira på det. Heldigvis sit også i natt, som alle andre netter, nokre av husets gutar på datarommet. Noko me utnyttar. Dei var ikkje vanskelege å be, og opp kjem dei med ei smart løysing av eit koste skaft. Dei kostar det gule krypet ut av rommet og vekk fra senga mi. Muito obrigada! Me takkar dei av heile våre hjarter. Når alt er over, og me skal til å leggje oss, kjem huseigaren styrtande opp. Han ser skikkelig oppskaka ut, og me prøver med tegnspråk å forklare at det berre var ein edderkopp og ei firfirsle som utløyste dei høglytte hyla. Når han endeleg forstår kva me prøvar å seie, brest han ut i latterkrampe. Forståelig nok.. Snill som han er, får me beskjed om at neste gang er det berre til å gi beskjed, så skal han fjerne dei forferdeleg farlege krypa. Han ler litt til, og tuslar ned att.

4 kommentarer:

Jostein sa...

Hei Kamilla!

Så tøff blogg du har =) Utrulig stilig at du ska vara i Brasil i eitt halvt år, og at du skrive om da her! Da e óg bra jobba at du har lagt inn nye bloginnlegg med jevne mellomrom. Ha det kjekt!

Mvh.
Jostein Fyllingen

natalie&karina sa...

HaHAhaa! syke syke plass!! Hvis d e sånn i Sucre så klikke ej:P
Men du e ei tøff ei girlicious;) savne dej sånn når ej lese ditta her:P syke jente
Hilsen med pilsen, di Karina

Tiago Santana sa...

Era só uma lagartixa!
hahahahah

Beijo

Kamilla sa...

Tiago, não era SO uma lagartixa! Era muito nojenta!!

Natalie og Karina: fytti griiiisen saa eg savne daake! Og daake maa nok forbreda daake paa da i Bolivia og:D me har to stk som bur bak lampen i gangen. Haha.. Eg glede meg saann t aa sjaa daake igjen! Masse god tur. Og oppdater meg:D

Jostein: tusen takk. sette stor pris paa positiv tilbakemelding:)
Jepp, komme t aa bli eit sykt spennande aar, aa eg ska proeva aa ver flink aa oppdatera:) haape alt gaar fint heima.

T alle sammen komme ein stoor klem fra Kamilla.