onsdag 15. oktober 2008

One time at a camp..

Helga 10-12 Okt blei me bedne med som leiarar på ein tenåringsleir, langt ute på landet, i regi av den prospeterianske kyrkja. Ein nydeleg idyllisk stad. Her skulle ein bunch med tenåringar frå kyrkja, samt nokre tenåringar frå slummen, som kyrkja gratis hadde bede med, tilbringe ei helg saman. Til saman 120 forskjellige tenåringar. Forskjellige, men saman for Jesus, akkurat like. Så utruleg fint å tenkje på at for Gud har det ingenting å seie om ein er fattig eller rik. Han har skapa kvar og ein akkurat slik han vil ha dei, og han har ein stor plan for den enkelte sitt liv.
Heile campen var ein slags militær leir der deltakarane var soldatar for Jesus. Temaet var nemleg krig mot Satan. Leiren var proppfull av militær effektar som skulle vere med å oppnå kjensla om å vere i kamp mot Djevelen. Om morgonen blei me vekka av lydeffektane av bomber og granater. Ein brå start på morgonen som vekka oss kanskje litt kjappare og litt meir effektivt enn nødvendig:P Etter frokost var det møter og teambuilding. Teambuildinga gjekk ut på å komme seg gjennom ei hindeløype med militære øvingar ”pakka inn” i myyykje gjørme. Hærli hærli. Me rullla oss ned ein gjørmebakke, krøyp i gjørmetunell, gjekk på line, og klatra i bilhjul. Det heile avslutta med ein heftig gjørmekrig=)
Lørdagskvelden skulle alle kle seg ut som born, både deltakarar og leiarar, og me skulle ha barneselskap. Då me entra matsalen, blei me møtt av det største godteribordet eg nokon gong har sett. Godteri i alle moglege fargar. Dette var godsakene som venta alle borna etter ein fortreffeleg middag. Denne aften kunne me alle karekterisere oss som born.
Møtene på denne leiren var utruleg bra. På det eine møtet gjekk eg fram til forbønn, på portugisisk. Skjøna ingenting, allikevell kjende eg at den heilage ande var der. Så utruleg kult å tenkje på at Gud forstår alle språk. At eg faktisk kunne bli rørt av noko eg eigentleg ikkje skjøna ordet av. Det var ei sterk oppleving, og eg må berre konkludere med at Gud er så uendeleg stor, vis, og vanvittig, at det er 100% verdt å gi han kontrollen.

Ingen kommentarer: