onsdag 15. oktober 2008

Bibelstudier og hasj



Torsdagens ABU var nokså spennande og spesiell. På torsdagar samlast me nemleg i matpausen (frå kl 12-14) på ein stor plen utanfor kantina. Her samlast studentar og gjengar av ymse slag, og mange av dei synest at matpausen er den ultimate tida for å ta seg ein joint. Så her satt me, studerte bibelen og lukta på ei intens hasjlukt som stadig kom sivande inn i nasebora våre.
Utenom torsdagen samlast dei som vil ha litt Jesus-talk i kvardagen i ei lita tre-kyrkje på campus. ABU gruppa er open for alle, og etter å ha lest dagens bibeltekst er det ope for å dele forskjellige meiningar og tankar om emnet. Det er hærlig å kunne samlast nokre minutt, i ein ellers hektisk kvardag, om Guds ord.
Etter ABU møtet denne torsdagen, blei me med Daniel og nokre andre ungdommar frå kyrkja hans, til ein barnehage litt utanfor byen. I denne barnehagen går 100 born frå svært fattige familiar. Her opptredde ungdommane frå kyrkja med drama frå bibelen, og etterpå leika me med dei hærlege ungane. Som ein bonus hadde kyrkja samla saman 100 leiker som dei gav til borna. Det var heilt fantastisk å sjå dei glade ansikta. Eg blei heilt rørt.

Ingen kommentarer: