torsdag 12. februar 2009

IPL

Isolert frå samfunnet hadde brasilianske studentar frå heile landet, pluss eit par gringos, valt å bruke tre veker av sommarferien sin på ABU-leir. Her skulle dei få bli betre kjent med Gud, samt bli utrusta som leiarar. Leiren fant stad utanfor Salvador, og heitte IPL (institusjon for leiartrening). Temaet var "Jesus, vegen til fridom". Dette skulle bli tre veker med gode samtalar, nye vennskap, deling av kultur, kles-skrubbing for hand, og mykje meir.
* Gringos - kvitingar

Svetteperlene pipla fram på panna i det eg gjekk ut av døra kl 7 kvar morgon, for å ete frukost. Ekte brasiliansk frukost med franskbrød, smør og super-sukra kaffi. Etterpå var det bøn, lovsang, bibelstudier og bibeltime. Lunch. Meir bibelstudier, gruppearbeid, bibeltimar og lovsang. Elles blei det mykje dans. Samba, forrò, caporeira, osv, er nemleg eit must på ABU leir. Her dansar alle. Om ein kan eller ei.

På kulturell aften kunne alle dela spesielle ting frå sin stat, eller sitt land. Me laga bla ein sketch om Noreg og nordmenn, og sang nasjonalsangen. Andre delte typiske dansar, smaksprøvar på mat, sangar, kort-filmar, osv. Ein stat i nord hadde faktisk ein egen Guarana brus, nemleg brusen Jesus.

Midt i IPL blei me delt inn i team som skulle bli sendt ut til ulike praksis stader. Me var gruppe to, og oppgåva vår var å ha eit 5 dagars program i ei kyrkje i ein av mange slummar i Salvador. I tilleg skulle me besøke ein del familiar som budde der. Me forbredte opplegget vårt med ulike seminar, eit om helse og eit anna om "korleis lage og leie bibelstudier". Me forbredte og søndagsskule, gudsteneste og ungdomskveld. Så drog me. Dette var mitt første møte med slum i Brasil. Husa var bygde oppover ein skråning, og blei mindre med dårligare standar til lengre opp ein kom. Nokre hadde hatt råd til å male ein vegg. Resten var av murstein eller betong. Gatene var smale og skitne. Hundebæsj over alt. Små, brune barn, sprang rund om kring og spelte gjerne fotball med ein mango. Dunkande funkis musikk dura i øyra, lettkledde jenter dansa, og svette menn sat med ei øl på kvar ein bar.
Mange hadde små salgs-skilt utanfor husa sine. Der selde dei til dømes småkaker, hårstrikk eller falske negler. Mange av familiane me besøkte fortalde sterke historiar om narkodealing og kriminalitet relatert til familie eller venner, dei ville gjerne ha forbøn. På toppen besøkte me ei mor med fem born. Dei budde i eit hus på omlag 15kvadrat meter. Mor og fire born delte ei seng. Far hadde stukke av med eldstedatter. Dei viste stolt fram huset sitt, som bestod av eit soverom, eit lite bad uten dør, og resten var kjøkkenkrok og entrè.

Programmet vårt for desse dagane gjekk veldig bra, og på avskjedsdagen var det spesiellt hardt å seie hadet til alle dei fantastiske ungane eg hadde blitt kjent med. Borna i slummen har noko spesiellt over seg. Ein utrulig sjarm, som iallfall sjarmerer meg i senk.



Etter å ha MÅTTA snakka portugisisk i fem dagar i strekk, var språket lettare når eg kom tilbake til IPL. Og trangen for "bare-snakke-norsk-kveldar" blei mindre. Tre veker med leiartrening var snart over. Og til tross for språkvanskar lærte eg mykje, som eg vil ta med meg for resten av livet.

Hærlige ABUenses

Sany & Natalie <3>

Dans frå Santa Catarina på kulturell aften.

Nyyydelig sang


Capoeira

Dramatisering av "Den barmhjertige samaritan" i kyrkja på praksis staden.


Gruppe 2 på besøk i Slummen

Ein sprudlande flokk:D


Midt i leiren var alle klar for nokre timar på stranda.
Gutta i naborommet kjørte gjerne intimkonsert


ABU, region sør


Guerreiro.... haha.. For ein mann.

2 kommentarer:

Anne Malene sa...

Jammen da tar jeg bare å kopierer hele ditt innlegg inn på min da?
Dette var jo knallbra skreve jo..!

Å JEG VIL HA BILDENE..!

ååhh..
TRISTEZA PORQUE VOCÊ NÃO VAI EMBORAAAAAAAAAA !!

Kamilla sa...

Nthååååå:) du vett nå koss å gjer dagen min bra:D takk, vennen min.

Bare t å kopiera, så kan eg kopiera timeplan innlegget ditt. :P haha..

Bildene e på minnekortet, å du vett, alt mitt e ditt. Então, pode pegar;)

Ahhhh... Tenho saudades de este parte!